Sett eit personleg preg på seremonien
Ein seremoni er ei viktig ramme rundt avskjeden. For mange er det eit høve til å samlast, minnast og heidre livet som er levd.
Det finst ingen fasit på korleis ein gravferd eller bisetting skal vere. Nokre ønskjer ei tradisjonell kyrkjeleg gravferd, medan andre ønskjer ei meir livssynsnøytral eller personleg utforma markering. Vi legg til rette for alle typar seremoniar – uavhengig av tru og livssyn – slik at avskjeden vert i tråd med dykkar ønskje.
Vi hjelper dykk med:
- Planlegging av seremoni i kyrkje, kapell eller anna eigna stad
- Kontakt med prest, seremonileiar eller annan talar
- Val av musikk, salmar og minneord
- Utforming og trykking av program og songhefte
- Bilete, dekorasjon og personlege innslag
- Kondolanseprotokoll og praktisk tilrettelegging på seremonistaden
Vårt mål er å skape ei verdig, roleg og meiningsfull ramme rundt avskjeden – der familie og vener kan ta farvel på sin eigen måte.