Alle fortener ein verdig avskjed
Vest Telemark Gravferdsbyrå er ei familiebedrift med røter tilbake til 1993. I over 30 år har vi hjelpt pårørande gjennom ei av livets mest krevjande stunder – med respekt, omsorg og fagleg tryggleik.
Vi er eit ope og inkluderande gravferdsbyrå, og hjelper alle – uavhengig av tru, livssyn eller bakgrunn. For oss er det viktig at kvar avskjed vert personleg og meiningsfull, og at de får gjennomføre seremonien slik de ønskjer.
Vi legg stor vekt på nærleik og tilgjengelegheit. Når nokon går bort, kan mykje kjennast uoversiktleg og tungt. Då skal de oppleve at vi tek ansvar, skapar ro og gir tydelege råd i alle val som må takast.
Med lokal kjennskap til Vest Telemark og tett samarbeid med kyrkjer, seremonileiarar og leverandørar i området, sørgjer vi for at alt vert gjennomført på ein verdig og trygg måte.
For oss handlar det ikkje berre om det praktiske – men om menneska. Vi ønskjer at de skal kjenne dykk tekne vare på frå første samtale til siste avskjed.
Vi gir deg hjelpa du treng
Treng du nokon å snakke med? Vi er tilgjengelege heile døgnet – kvar dag, heile året.
Enten det gjeld akutt behov for hjelp ved dødsfall, eller de ønskjer ein samtale for å planleggje i forkant, møter vi dykk med forståing og respekt.
Ta gjerne kontakt med oss for ein uforpliktande samtale.