Sjå vårt utval i kister
Val av kiste er ein viktig del av planlegginga av gravferda. For mange er dette eit personleg val som skal spegle den avdøde – anten ein ønskjer noko enkelt og stilreint, eller meir tradisjonelt og detaljert.
Vi tilbyr eit breitt utval av kister i ulike fargar, tresortar og utformingar. Alle våre kister held høg kvalitet og vert leverte med silketøy og naudsynt utstyr. Vi hjelper dykk gjerne med å finne eit alternativ som kjennest rett – både når det gjeld uttrykk, kvalitet og pris.
Har de spørsmål om materiale, levering eller pris, tek vi oss god tid til å forklare og rettleie.
MODELL KLASSISK 1
Kvitmåla med kvite berehåndtak, levert med silkesvøp.
MODELL KLASSISK 2
Kvitmåla med forgylte berehåndtak, levert med silkesvøp.
MODELL KLASSISK 3
Lakkera furu med lakkera berehåndtak, levert med silkesvøp.